Debatt
Skal sløsinga med natur og kraft fortsette?
No skal og verna vassdrag byggast ut. Når kjem det ei skikkeleg satsing på dei tiltaka som faktisk går til rota av problemet?

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til [email protected].
Det pågår harde debattar om utbygging av verna vassdrag, om vindkraft og straumprisar. Det som få snakkar om, er at desse debattane heng saman, og fellesnemnaren er sløsing.
Regjeringa gjer nesten ingenting for å gjere det lettare for folk å spare på straumen, eller å hindre bygging av nye hyttepalass med oppvarma oppkjørsel og utandørs boblebad.
Regjeringa gjer alt anna enn å spare. Dei vil bruke fellesskapets pengar på å subsidiere forbruk av straum, inkludert unødvendig luksusforbruk.
I staden foreslår dei ein norgespris, som i praksis er å bruke fellesskapets pengar på å subsidiere straumforbruk, inkludert unødvendig luksusforbruk.
Samtidig blei det i Stortinget torsdag opna for konsesjonsbehandling av kraftverk over 1 MW i verna vassdrag, der «samfunnsnytten» skal vere avgjerande.
Dette betyr at skiljet mellom verna elver og andre elver blir borte. Forslaget, som kom heilt mot slutten av arbeidet med stortingsmeldinga om flom og skred, blei støtta av Frp, Høyre, KrF, Ap og Sp.
Det blei lagt fram utan utgreiing av konsekvensar, høyringsrunde eller offentleg debatt.
Gjennom eit omfattande arbeid og tiår med hard miljøkamp blei juvelar som Sjoa, Gaula, Øystesevassdraget, Tanaelva, Rauma og Vefsna verna.
Vi kan ikkje godta at over femti år med vassdragsvern no blir borte med eit pennestrøk, og at vår gjenverande natur blir angripe på denne måten.
Etter over hundre år med utbygging er to tredelar av dei store norske vassdraga allerede regulerte av vasskraft. Sju av dei ti høgaste fossane våre er allereie blitt bygde ut.
Det har sett elvenaturen under eit sterkt press. Om lag 5.000 artar er på raudlista i Noreg – og kraftverka er ei trussel mot svært mange av dei.

Det finst ein måte for å kutte både straumforbruket, straumrekninga, klimagassutsleppa og spare naturen. Det handlar om energisparing.
Hadde vi brukt like mykje pengar på dette i åra som kjem som vi brukar på straumstøtte i år, kunne vi ha spart straum tilsvarande 30 gonger produksjonen frå Noregs største vindkraftverk.
Noregs vakraste og viktigaste natur kan ikkje ofrast for kortsiktig forbruk.
Men regjeringa gjer alt anna enn å spare. Dei vil bruke straumen på å pumpe opp meir olje – som FN-sjefen tryglar oss om å stoppe med – og dei vil bruke fellesskapets pengar på å subsidiere forbruk av straum, inkludert unødvendig luksusforbruk.
Samstundes legg dei opp til stadig auka forbruksvekst i tiåara framover, inkludert straumforbruk.
Når kjem det ei skikkeleg satsing frå regjeringa på dei tiltaka som faktisk går til rota av problemet?
Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen
Me er nøydd å stoppe den enorme sløsinga som skjer både med naturen, straumen og dei andre ressursane våre. Noregs vakraste og viktigaste natur kan ikkje ofrast for kortsiktig forbruk – og populistisk valgflesk om billig straum.
Vi treng handling som går til rota av problemet – er Jonas sitt «nye» Ap klare for det?
Les også debatt: Kvotekjøp løser ikke klimakrisen (+)
Les også debatt: Flatehogst av naturskog er som å sette fyr på en stavkirke