Debatt
Europa treng Afrika i den globale kappestriden
Det vil krevje store endringar hos oss, i vårt utdanningssystem, i vår arbeidskraftpolitikk og i våre haldningar.
Politisk er forholdet mellom afrikanske og europeiske land vanskelegare enn på lenge. Sjeldan har ein sett Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa så rasande som då Vesten innførde innreiseforbod for afrikanarar utan å konsultere afrikanske land i det heile tatt.
ALEXANDER NEMENOV
Vi går inn i ein ny tidsalder. Globaliseringa blir erstatta av handelskrig, samtidig som sentrale menneskerettar blir utfordra verda over.
Europa treng Afrika i den globale striden som ikkje berre handlar om økonomi, men også om demokrati. Då må vi finne fram til eit samarbeid som både er meir omfattande og grunna på likeverd.
I framtida blir Afrika stadig viktigare for Europa.